
På denne guida tredagersturen får du alt! Heile Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden i kajakk, ein fjelltur i de høge fjella ved munningen til Nærøyfjorden, med ei fantastisk utsikt, to overnattingar i telt på idylliske leirplassar, og som en bonus til slutt, ein padletur inn Nærøyfjorden i det UNESCO-verna landskapet!

Vi reiser gjennom fjordlandskapet forbi fosser som faller fra bratte fjellsider. Om vi er heldige vil vi få se nise, sel, oter og ørn på veien. På dag to tek vi turen til fjells opp til anten beitelen eller Stigen gard. Utsikta er formidable!

Før avreise gjev guiden ei grundig orientering om turen og dagane som kjem, utstyret, maten, padleteknikk. Kort sagt alt som du treng for å få ein flott og avslappande tur. Undervegs vil guiden fortelje om lokalområdet og gje nyttig informasjon.

Viktig info:
Kven kan være med? Alle som vil, du treng ingen erfaring
Born? Frå 11 år
Må eg være i kjempegod form? Nei, dette er ikkje ein treningstur
Kvar startar turen? På stranda i Flåm har vi basen , vi kjem attende her når turen er slutt
Når startar turen? Klokka 09.30 på dag 1
Når sluttar turen? Omtrent klokka 16.30 i Gudvangen, du får skyss attende til Flåm.
Korleis bestiller eg? Send e-post til post@kajakk.com
Korleis vert været? Sjekk storm.no eller yr.no, begge er like (u)nøyaktige 🙂
Kor mange personar vert vi? Vi har ein max på 12 gjestar, då er det og med to guidar (KORONATID MAX ER 4 PER GUIDE OG VI PADLER I TO GRUPPER)
Kva skal eg ta med? Last ned utstyrsliste
Kva kostar det? Det finn du på prissida vår
Må eg dele telt? Nei
Korleis er maten? Den er god og tilpassa behov. Du blir ikkje guide for oss om du ikkje kan lage mat 🙂

Inkludert i prisen:
– Erfaren og kvalifisert guide
– Alt nødvendig utstyr (unntatt sovepose og liggeunderlag).
– Introduksjon til padling og teknikk.
– Sikkerhets og redningskurs.
– Våttkort “Introkurs” verdt kr 1290
– Middag, frokost og lunsj alle dager (ikkje frokost dag 1 og ikkje middag dag 3).
– Transport tilbake til Flåm på siste dag Alt du trenger å ta med deg er varme klede, regnklær, sovepose og liggeunderlag, lette fjellsko og ein liten ryggsekk.
Pakk lett for alt skal passe inne i en liten kajakk. Du kan la resten av bagasjen ligge på vår base i Flåm.
