
Vi padlar fra Flåm ut Aurlandsfjorden og heile Nærøyfkorden. Knapt 100 meter etter at turen startar i Flåm er du inne i verdsarvparken (UNESCO Nærøyfjord verdsarvpark).
Før avreise gjev guiden ei grundig orientering om turen og dagane som kjem, utstyret, maten, padleteknikk. Kort sagt alt som du treng for å få ein flott og avslappande tur. Undervegs vil guiden fortelje om lokalområdet og gje nyttig informasjon.
Vi reiser gjennom fjordlandskapet, vi padlar forbi fosser som renn ned frå bratte fjellsider. Om vi er heldige vil vi få sjå nise, sel, oter og ørn på vegen inn fjorden.

Viktig info:
Kven kan være med? Alle som vil, du treng ingen erfaring
Born? Frå 13 år
Må eg være i kjempegod form? Nei, dette er ikkje ein treningstur
Kvar startar turen? På stranda i Flåm har vi basen , vi kjem attende her når turen er slutt
Når startar turen? Klokka 08.30 på dag 1
Når sluttar turen? Omtrent klokka 16.30 i Gudvangen, du får skyss attende til Flåm.
Korleis bestiller eg? Send e-post til post@kajakk.com
Korleis vert været? Sjekk storm.no eller yr.no, begge er like (u)nøyaktige 🙂
Kor mange personar vert vi? Vi har ein max på 12 gjestar, då er det og med to guidar
Kva skal eg ta med? Last ned utstyrsliste
Kva kostar det? Det finn du på prissida vår
Må eg dele telt? Nei
Korleis er maten? Den er god og tilpassa behov. Du blir ikkje guide for oss om du ikkje kan lage mat 🙂

Inkludert i prisen er:
– Erfaren guide.
– Alt nødvendig utstyr (ikkje sovepose og liggeunderlag).
– Introduksjon til padling og teknikk.
– Sikkerhets og redningskurs (Våttkort “Introkurs” verdt kr 1290)
– Middag, frokost og lunsj alle dager (ikkje frukost dag 1 og ikkje middag dag 2).
– Transport tilbake til Flåm på siste dag.
