
Viktig informasjon:
Daglege avgangar
1. mai – 30. august kl. 10.00 og 15.00.
Ingen erfaring trengs
Turen egnar seg godt for familiar. Aldersgrense 5 år.
Padling og lett fottur opp til fossen på Fronnes.
Utstyr
Vanlige uteklær og gode sko er obligatorisk, kle dykk etter forholda.
Vi har padlejakker som du kan låne om det trengs.
Vi har kameraboksar til kompaktkamera til utlån.
Ta gjerne med niste, snacks og noko å drikke.
Badebukse og handkle er og kjekt å ta med.

Tidsbruk
Vi brukar ca 30 min på å tilpasse utstyr og sikkerheitsinstruksjon. Padlinga ut varer omtrent ein time og vi bruker rundt ein og einhalv time på Fronneset før vi padler tilbake til Flåm. Totalt varar turen i ca 4 timar.
Frammøte: 10-15 min før
Prisar for våre turar er her (på engelsk)
Bestill i nettbutikk, alle turar kjøpt i nettbutikk har 10% rabatt!
Betingelsar for bestilling/kansellering kan finnast her, vi anbefaler å lese desse!
Turen egnar seg veldig godt for familiar og førstegangspadlere. Du treng ingen erfaring. Våre guidar gir deg ein sikker innføring i havkajakk og ei flott naturoppleving.
Anbefalingar frå andre kundar på Facebook og Trip advisor
Om Den Gamle Kongestien
Vi startar dagen med ein god introduksjon til utstyret og korleis man skal padle. Etter det padlar vi ut Aurlandsfjorden og inn i UNESCO Verdsarv området.

Dei heldige får sjå sel, nise, ørn eller oter på nært hald. Etter ein tur på fjorden går vi i land på Fronneset der vi finn gravhaugar frå vikingtida.
Dette er et område som er lite kjent, men som skjular fleire naturskattar. Stien snor seg bratt oppover og gir oss ei fantastisk utsikt utover fjell og fjord, med ville elvejuv og ein fantastisk badekulp som innbyr til et forfriskande bad. Vi vil følge denne stien i ca 15 minutt, turen er ikke tung.
Eit gammalt segn fortel at Kong Sverre kom ned til Fronneset etter eit slag ved Fimreite for snart 1000 år sidan siden. Han var her i fleire dagar før han reiste vidare. Lite veit vi hva han gjorde her ute på neset. Kanskje synest han området var så flott at han tok seg noen dager fri?
